Hei frå vinmarka på Hebnes! Med druehausten snart bak oss, er det no tid for å reflektere over ein sesong med fruktbare gleder og nokre små snubletrådar undervegs.
Ein svært varm og fin mai la opp til ein verkeleg fin progresjon i knoppskyting og blomsterdanning. Har du sett drueblomster før? Viss ikkje, er det kanskje på tide at du tek turen innom oss neste juni for å sjå dette bittelitle, skjulte mirakelet i vinmarka! Utover juni kunne me i alle fall sjå at dei fleste sortane hadde forma fine blomster og var klare for pollinering.
Alle våre druesortar er sjølvpollinerande. Det betyr at planta ikkje brukar bier og humler til bestøving, men treng tørt og fint vêr og litt vind for at pollenet skal spreie seg. Me fekk endeleg nok vind, men i månadsskiftet juni-juli var det alt anna enn tørt hos oss. Det førte til varierande kvalitet på bestøvinga, noko me såg resultatet av då drueklasane byrja å forme seg utover seinsommaren:
1. Nokre klasar fekk den interessante «kylling-og-høner»-utsjåanden: nokre store og mange bittesmå druer på same klase. Dei små tek aldri att dei store i vekst.
2. Nokre sortar produserte færre klasar, noko som gir rom for å lære og forbedre pollineringa framover
Naturen følgjer sitt eige mønster, noko me må tilpasse oss og lære frå.
Etter ein sommar som hadde alt og mykje av alt, vêrmessig, fekk me ein september som ikkje kunne vore betre, om me så hadde lagt inn bestilling. Bonden heiv skjorta, la på knebeskyttarar og byrja haustinga allereie 8. september. Så tidleg har me aldri starta før.
Me hausta oss gjennom ein månad som berre vart betre og betre, og det viste igjen på druene. Sukkernivået i druene steig til, for oss, heilt nye og herlege høgder. Dei blå druene vart modne, lubne og gode, og dei grøne fekk brune fregner – eit godt teikn!
I skrivande stund har me hausta alle sortar, bortsett frå nokre kilo Muscaris, Souvignier Gris og Johannitter, som me reknar med å ta ned denne veka.
Druehausten oppsummert: Mindre avling enn forventa, men med høg kvalitet.
Me er også glade for at vinmarka vår er sunn og fri for sjukdom og skadedyr. Me har hatt fuglenett over alle sortar i år òg, men det har vore lite fugl å sjå i marka. Me skal ikkje påstå at me ønskjer småfuglane velkomne til bords i drueåkeren, men det er samstundes litt bekymringsfullt at det er så lite fugl å sjå.
Så kva har me lært av årets sesong? Jo, me innser at plantene våre, som veks opp i dette maritime og kjølige klimaet, treng litt drahjelp i ein sårbar sesong. Neste år planlegg me tiltak for å styrke beskyttelsen av blomstrane mot regnet i pollineringssesongen. Kanskje må me prøve å dekke dei mest sårbare sortane med klimaduk. Det er noko me uansett vil diskutere oss fram til saman med vår eminente rådgjevar Albert Schamaun.
Og når me snakkar om rådgjeving, tenkjer me det er passande å runde av med Alberts magre trøyst når me vinbøndene ein gong i blant heng med leppa: «Små vinbønder, små problem. Store vinbønder, store problem», seier han då, og minner oss på at litt regn i pollineringssesongen eigentleg ikkje er eit problem, snarare ei ganske overkomeleg utfordring.
Utfordringar er det me lever og åndar for, seier vinbonden på Hebnes.
Takk for at du hang med så langt. Neste gong skal me fortelje meir om framdrifta i prosjektet Frå svin til vin, eit prosjekt fullt opp av spennande utfordringar!