Toyni og Arild held opp kvar sin klase med druer

Om oss

Vingard i Norge – kan det verkeleg stemme?

Hei! Toyni og Arild her – me er vinbøndene bak Hebnes vingard. Sidan starten i 2020 har me  planta heile 6000 druestokkar av sortane Solaris, Rondo, Muscaris, Leon Millot, Souvignier Gris, Regent, Bolero og Johannitter. I tillegg har me  vår eigen produksjon av haskap (honningbær) – eit superbær som me òg lagar vin av.

Vårt terroir: Hebnes vingard ligg sørvendt med utsyn over vakre Sandsfjorden, på godt drenert sandjord. Den friske lufta og det kjølige nordiske klimaet på 59 grader nord skapar ideelle forhold for å produsere vinar med nordisk preg. I utvalet finn du kvitvin, oransjevin, rosévin, raudvin, musserande og vin av honningbær.

Sommarglede: Om sommaren inviterer me til omvising og vinsmaking, der du kan få smake på våre vinar og lære om historia bak. Har du eit arrangement utanom sesongen? Ingen problem – me kan skreddarsy eit opplegg for alt frå jobbsamlingar til store feiringar. I tillegg har me quiz-kveldar, opne dagar, og kreative aktivitetar du kan melde deg på.

Møt Team Hebnes: Me som står bak Hebnes vingard er vinbøndene Arild og Toyni, yngstejenta på garden, Andrea, tante Kjellaug, samt serveringsjentene Sigrid og Tuva. Gjestfridom har alltid vore ein viktig del av Ryfylke-DNAet, og saman med flinke samarbeidspartar legg me sjela vår i å gi deg ei oppleving du ikke gløymer med det første.

Vil du ha noko ekstra spesielt? Prøv ein natt i Tornerose-domen hos Tveita Adventure – ei eksklusiv og naturnær overnatting.

Du finn oss elles på Instagram, Facebook og LinkedIn – og me tikkar innom TikTok av og til.

Bilde av Hebnes Vingård
Nærbilde av druer og saks
Bilde av to personer som samler inn druer til vin
Nærbilde av drueklase.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.