Grupper & teambuilding

Gruppe mennesker med bøtter går langs vinranker

Grupper, teambuilding, aktivitetar

For grupper som ønskjer å besøke oss utanom sommaropningstida, har me desse alternativa:

1) Vinsmaking og omvisning, med lokalmat og -drikke
Passar for:
Inntil 75 personar
Varigheit: 2 timar +
Pris: Minstepris 5900,- + 590 per person over 10
Når: Frå 12. mai 2025.
Innhald: Opplev ei guida omvising i vinmarka og vineriet og vinsmaking av tre av gardens eigne vinar i vinstova. Mat kan bestillast i tillegg, der me tilbyr enten ein smakfull sandwichlunsj 260 per person eller Gardsgodt frå Ryfylke (lokalmat-tallerken) til 350 per person. Når du kjem med ei gruppe utanom opningstid, vil vingarden vera reservert berre for dykk, og de får heile opplevinga for dykk sjølve.

2) Vinsmaking og "drueduellen"
Passar for: Inntil 30 personar
Varigheit:
3 timar + tid til mat
Pris: Be om tilbod
Når: 
Frå 12. mai 2025.
Innhald:
Omvisning (ute og inne) og vinsmaking (3 av gardens vinar med litt lokalt snacks).«Drueduellen»: Kappleik (ute og inne), gruppevis med aktivitetar som vinkaggehalding, kunnskapsprøve, blindsmakingar og andre vinrelaterte øvingar.
Mat: Me kan tilby lunsj og kveldsmat.

3) Forløs din indre vinbonde!
Passar for:
Maks 8 personar
Varigheit: 6 timar
Pris: Be om tilbod
Når: Vår og haust.
Innhald: Bli med på ein ekte arbeidsdag på vingarden! Arbeidet kan variere etter sesongen, og kan inkludere å rydde greiner etter beskjæring (ta med dine eigne grillbrikettar heim!), luking, soping, slåing, og etter avtale, etikettering og anna innearbeid. Når: Tilgjengelig i april, mai, august og september.
Praktisk informasjon: Kle deg for å vera ute i all slags vêr. Arbeidet er ikkje tungt, men krev at du er klar for litt fysisk aktivitet. Gi beskjed om du har diabetes, astma eller andre tilhøve me bør vere merksame på. Ein typisk dag inneheld ei formiddagsøkt i vinmarka, ein solid lunsj, ei ettermiddagsøkt, evaluering av dagens innsats, vinsmaking med snacks, og utdeling av diplom for innsatsen din på vingarden. All mat og drikke er inkludert.

Meir informasjon? Meir skreddarsydd? Send ein e-post til booking@hebnesvingard.no eller ring vinbonden Arild Hebnes på 959 69 809.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.