Gåvekort

Nå kan du kjøpe gåvekort som du kan bruke til å betale for vinsmaking, omvisning og lunsj i vår bookingkalender.

  • Regn ut beløpet du ønskjer å gi. 2025-prisar: Vinsmaking og omvisning 590,- per person. Sandwich-lunsj inkl. kaffi/te 260,-
  • Trykk på gåvekort-knappen.
  • Legg inn beløpet du ønskjer å gi og følg prosedyren vidare.
  • Er det pengar igjen på gåvekortet etter at du har kjøpt billettar kan du bruke dette i gardsbutikken vår.

Du får:

  • Bli med på ei personleg omvising på Hebnes vingard og møt vinbøndene bak arbeidet. Turen startar med ei vandring i vinmarka, der me deler innsikt om dyrking, jordsmonn, ulike druesortar og stell av plantene.
  • Etter vandringa inviterer me deg inn i vineriet for ei gjennomgang av korleis vinane våre vert til – frå drue til ferdig produkt.
  • Vinsmakinga skjer i våre nye lokale (opnar april 2025). Her utforskar me aroma og smak gjennom tre unike vinar laga av gardens eigne druer. Saman med vinane serverer me litt lokal ost og skinke, slik at du kan oppleve korleis vinens karakter utviklar seg i møte med mat. Opplevinga ute og inne varar om lag 1,5 til 2 timar.
  • Etter vinsmakinga kan du bli verande for ein avslappande sandwich-lunsj, og me serverer alltid kaffi eller te etter måltidet. Du kan òg kjøpe våre vinar eller eit lokalprodusert alkoholfritt alternativ i glas etter smakinga.
  • NB: Du må vera over 18 år for å kunne smake på vin.

Når er det ope i 2025?

  • Midtsommarfeiring 21. juni 2025 (eigen pris).
  • Me opnar for individuell påmelding laurdag 28. juni, og har ope torsdag, fredag og laurdag t.o.m. 9. august.
  • Opningstidene er for det meste tilpassa hurtigbåten frå Stavanger.

Kor lenge er gåvekortet gyldig?

Standard hjå oss er nå 2 år. Har du gavekort som er utgått på dato? Kontakt oss, så forlenger me gåvekortet ditt med eitt år.

Slik kjem du deg til Hebnes:

Med eigen båt: Kontakt oss, me har brygge du kan legge til ved.

Med bil: Her er me på kartet. Du kan parkere framføre vineriet.

I sommarsesongen vil det passa godt med hurtigbåt frå/til Stavanger.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.