Ofte stilte spørsmål

Me får mykje spørsmål frå deltakerane våre. For å gjer det så enkelt som mogleg for deg å få svar på det du lurar på, har me skrive ned nokre av dei mest spurde spørsmåla.
Når er det ope på vingarden og i vinstova?
Me har ikkje faste opningstider, men tilbyr aktivitetar du kan melda deg på, anten åleine eller saman med ei gruppe. Gardsbutikken er open når du deltek på aktivitetar hjå oss, eller etter nærare avtale. Ta gjerne kontakt!
Berre for grupper?
– Om sommaren (torsdag, fredag og laurdag i juli og halve august) har me ope for individuell påmelding. Då er alle velkomne til å melda seg på aktivitetar, og påmelding finn du alltid på framsida vår. – Utanom sommarsesongen kan me ta imot grupper for omvising, vinsmaking og andre aktivitetar etter avtale. Les meir på hebnesvingard.no/grupper. – I løpet av året har me også enkelte opne arrangement som Påskequiz, Maling & mingling og Midtsommarfest. Desse finn du alltid informasjon om på framsida vår.
Har de sjåførdrikke?
Ja, sjølvsagt! Sjåførar får alkoholfritt i glaset i staden for vin. Det kostar det same, og du melder deg på på vanleg måte. Gi oss gjerne beskjed på førehand, så ordnar me det.
18-årsgrense på andre arrangement?
På enkelte arrangement har me 18-årsgrense. Der dette er opplyst må du vera fylt 18 år for å delta.
Kan alle vera med på vinsmaking?
Ja, alle er velkomne! Er du under 18, får du servert alkoholfritt i glaset (sjå også «Kan me ha barn med på vinsmaking?»). Me set pris på at ungdom og unge vaksne har med legitimasjon.
Kan me ha barn med på vinsmaking?
Ja, det kan du! Noter gjerne at du har med barn når du bestiller. Barn får alkoholfritt i glaset og same snacksfat som dei vaksne, og prisen er den same.
Når er gardsbutikken open?
Når du er gjest på eit arrangement hjå oss vil gardsbutikken alltid vera open. Elles på førespurnad (lurt å ringe før du kjem: 95969809).
Korleis kjem me oss til Hebnes?
Du finn oss enkelt ved å søke på «Hebnes vingard» i Google Maps. Vil du legge inn adressa manuelt, brukar du: Hebnesvegen 1795, 4235 Hebnes. Kjem du med eigen båt, legg du til i Leirvika på austsida av neset. Ring alltid på førehand (tlf. 95969809) og avklar om det er ledig båtplass. Frå Stavanger/Nedstrand kan du ta hurtigbåt. Frå kaien på Hebnes er det ca. 700 meter å gå til vingarden. Vinsmakingane er stort sett tilpassa båttidene. Sjekk reisetider her: kolumbus.no/reiseplanlegger
Har de båtplass?
Ja, kjem du med eigen båt så har me båtplass. Ring vinbonden 95969809 og avtal båtparkering.
Tilbyr de overnatting?
Me tilbyr ikkje overnatting sjølve, men anbefaler gjerne gode alternativ i nærleiken: Tveita Adventure – unik glamping (3 km frå oss) Jelsa Hotell Ryfylke Fjordhotell på Sand Kløver Hotell i Sauda Hytter (vekesleige): Hebnes Fjordferie Dysja Fjordhytter
Har de plass til bubil?
Akkurat no er bubilparkeringa vår dessverre ikkje tilgjengeleg grunna ombygging. Ta gjerne kontakt likevel, så hjelper me deg med tips til andre fine plassar i nærleiken!

Er det andre ting du lurar på, ta kontakt med vinbonden på 95 96 98 09

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.