Frå svin til vin for alvor

Publisert
16
.
July
2024

I starten på juli fekk me ei melding som gjorde oss på vingarden svært fornøgde: Suldal kommune har gitt oss rammeløyve til å omdisponere grisehuset vårt. Nå skal me hente prisar og folk til å vera med og realisere draumen om å ominnreie grisehuset til serveringslokale og gardsbutikk.

Bonden har brukt vinteren som gjekk til å rive vegger og innreiing, meisle opp golvet og utvide rom for rom. Me skal ikkje bruke heile huset, men delar av fødeavdelinga og heile toppetasjen skal til pers. Her blir det god plass til gjester, det blir veranda og store vindauge med utsikt over vinmarka, Sandsfjorden og store deler av Ryfylkebassenget.

Går det som me vil blir det opning av nye lokale våren 2025. Det er den draumen me ber på!

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.