It´s the most wonderful time of the year

Publisert
09
.
September
2024

Me trur ikkje me er dei einaste som kjenner den djupe gleda og spenninga som knyter seg til dei magiske orda: Haustsesongen er i gong!

I år starta me 8. september, og me trur ikkje me har starta fullt så tidleg før. Søndag gjekk me på, 14 stk, og fekk ned 600 kilo Solaris på formiddagen. Det var nydeleg haustevêr, tørt, mildt og triveleg. Druene haldt 77 oechsle, det seier noko om sukkertettheten i drua, og det er me fornøgde med.

Nå er det ikkje slik at me haustar kvar dag. Mykje av druene som heng kan godt få nokre dagar og sikkert veker på seg før dei er klare. Og klare er dei når sukkernivået er akseptabelt. Men vêret speler også ein stor rolle - er det mykje regn i vente når dei begynner å bli godt modne er det berre å ta dei ned.

Mykje som står på spel i denne kjekke tida, og mykje godt arbeid i vente.

Har du lyst til å vera med oss og hauste? Send oss ei melding, så tar me det derfrå: 95969809 (vinbonde Arild).

600 kg Solaris
Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.