Klatrestreng til nye plantar

Publisert
08
.
July
2020

Takk og lov for flinke og smarte naboar! Vår gode nabo Svein har komme på ein finfin patent som me bruker når me skal opp med streng.

Du har kanskje sett vindrueplanter som slynger seg bortover berg og knaus? Viss ein ikkje gir planten noko å klatre i, så vil den gjere det: slynge seg rundt om.

Me har begynt å henge opp streng som plantene skal vekse og klatre i. Første streng er allereie oppe. Den er montert 40 cm over bakken, og det er denne me har hengt dryppvatningsslangen i.

Vidare nå skal det opp streng kvar førtiande cm som plantene kan klatre i, det øvste vil vere på 2 meter. Me skal knyte plantane fast på kvar høgde med gummiband, så der er ein god jobb å gjere i løpet av sommaren.

Førebels er plantene våre ganske låge, men dei skal visst kunne komme opp i 2 meter i løpet av sommaren. Det blir spennande å sjå!

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.