Nå begynner det

Publisert
09
.
January
2020

Nå har me altså fått tilsagn frå Innovasjon Norge – og det betyr at me kan bestilla vindrueplantar! Målet er å få sett ca 1500 plantar til sommaren, hovudsakleg kvitvinsdruer. Det me også har fått støtte til er noko som er heilt avgjerande for dette prosjektet: mentor på både dyrking og vinlegging.

Me har vore så heldige å få med oss Bjørn Bergum på dette gildet. Han og kona Halldis dyrkar 50+ vindruesortar i Sogndal, og lagar premievin av fleire av dei. Det betyr alt for oss å ha så gode krefter med, for dette er ganske så nytt for oss.

  • Området me skal dyrka på i første omgang.
  • Litt bakke er det.
  • Området ligg sørvendt til, rett ved fjorden
Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.