Er du medlem av Nortrip, er du hjarteleg velkomen til å parkere gratis hos oss på Hebnes. Me har to plassar reservert spesielt for dykk som reiser med bubil. Hos oss får du oppleve noko heilt spesielt – me har Rogalands einaste vingard!
I tillegg til den vakre utsikta, kan du handle lokale produkt i gårdsbutikker vår. Kvar torsdag, fredag og laurdag gjennom sommaren tilbyr me dessutan omvisning og vinsmaking. Hugs å melde deg på på førehand for å sikre plass.
For å gjere opphaldet så enkelt og hyggjeleg som mogleg, ynskjer vi at du ringer oss før du kjem. All annan informasjon du treng, finn du i Nortrip-guiden eller i appen.
Med Nortrip kan du oppleve det beste av Noreg, frå Agder i sør til Finnmark i nord. Nortrip-vertar inkluderer gardsutsalg, oste-ysteri, mikrobryggeri, sideri og mykje meir. Dei står klare til å gi dykk unike og minneverdige opplevingar, og du kan stå parkert gratis til dagen etter hos dei.
Me gler oss til å ta imot deg og vise deg det beste me har å by på!