Studietur og plantehenting

Publisert
12
.
May
2020

Denne helga har me vore i Sandefjord, Hurum og på Ås for å sjå korleis andre driv, og for å hente heim nye planter.

I Sandefjord fekk me komma til hyggelege Grubbestad gård, der dei driv med vindruer, bringebær og haskap. Dei har drive nokre år, og det var mykje kjekk kunnskap og inspirasjon å hausta hjå dei!

Laurdag kveld fekk me med oss vinsmaking på Klokkeren landhandel – bare norske vinar! Vinen var laga av Danielo Costamagna/Norsk vin frå Lund gård på Filtvet. Deilig kvitvin av Solaris, fresh og knallraud rosévin av Kuzminski og rødvin av Rondo. Utruleg kjekt å smake og høyre korleis dei dreiv.

Søndag var vi på Ås, hjå Hans og Inger Rosenfeld, og fekk traktering i drivhuset deira. Det er noko med å snakke med ihuga pådrivarar og nasegruse dyrke-entusiastar. Skikkelig inspirerande! Derfrå fekk me med oss ein del av drueplantane Hans har poda fram: Tor, Norse Odin, Idun og Dorm2. Desse fekk komme i jorda påfølgande dagar. Nå nærmar det seg fullt i feltet!

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.