Svar på spørsmåla på Kortreist-quizen

Publisert
14
.
September
2024

Tusen takk til alle som kom innom oss og åt, drakk og gjetta på quizen vår i dag - sjølveste Kortreistdagen hausten 2024.

Her er dei rette svara på quizen:

KORTREIST QUIZ

KORTREIST er eit arrangement i regi av Gladmat. Kva for Ryfylke-kommune «vann» gladmaten i år?

A) Sauda

B) Hjelmeland

C) Suldal
1 poeng
----

Me har ein musserande vin som heiter KRAFT-bobler. Den heiter det fordi …

A) Me er i Norges største kraftkommune.

B) Den har eksepsjonelt mykje bobler.

C) Den er veldig kraftig i smaken.
1 poeng
----

Kor mykje trykk er det i ei flaske av vår musserande?

A) 2 bar

B) 3 bar

C) 6 bar
1 poeng
----

Her på Hebnes budde langt tilbake i tid den største Ryfylke-høvdingen me veit om. Kven var det?

A) Magnus Lagabøter.

B) Sylfest Lomheim

C) Torstein av Heimnes

1 poeng
----

Denne høvdingen var merkesmann for kongen som i 1240 nedkjempa Hertug Skule i slaget om Oslo. Kva heitte denne middelalderkongen?

A) Håkon 4. Håkonsson

B) Håkon Sverresson

C) Erling Steinvegg
1 poeng
----

Kristtorn veks det mykje av rundt her. Kan ein ete bæra på kristtorn?

A) Ja

B) Nei
1 poeng
----

Ramsløk kan du òg finna på halvøya. Kva av ramsløken kan du bruka?

A) Blad.

B) Blom.
C) Blad og blom.
1 poeng
----

Glad i mat? Me og! Veit du kva som er skilnaden på chutney og syltetøy?

A) Same greia, begge deler.

B) Syltetøy er søtt, chutney er syrleg, salt og gjerne sterkt krydra. 

C) Chutney er søtare enn syltetøy.
1 poeng
----

I følgje Mattilsynet er det 14 merkepliktige allergen me som mattilbydarar må merka maten med. Sju av dei finn du her. Set ring rundt dei 7 du trur er blant dei 14 merkepliktige:

Bløtdyr, begonia, fluor, lakris, lupin, nøtter, peanøtter, salt, sesamfrø, selleri, sukker, sulfitt, titan, tyggis.
2 poeng for alle rett

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.