Palmelaurdag 12. april 2025 skjer det!
Mellom 12.00 til 15.00 kan du rusle rundt i vårt nyrestaurerte serveringslokale, eit tidlegare grisehus no omgjort til ein lun og innbydande sosial møteplass. Her kan du slå av ein drøs med naboar og kjente, sjå kva me har fått til, og få deg ei lita smaksoppleving frå garden.
Gardsbutikken held ope, så du kan få med deg lokale smakar til påskehøgtida.
Dette er ein dag for alle – store og små, fastbuande og hyttefolk, nye fjes og gamle kjenningar. Ta turen, og bli med på ein uformell, koseleg stund på Hebnes!